-
Fjord Ranger & Park RangerStiftinga Geirangerfjorden Verdsarv · Geiranger
-
Praktisk parkforvaltar / Landscape Management RangerStiftinga Geirangerfjorden Verdsarv · Geiranger
-
Restaureringshandverkar – kulturvernforvaltarStiftinga Geirangerfjorden Verdsarv · Geiranger
Ta vare på ein verdsarv
Geirangerfjorden er del av Vestnorsk fjordlandskap, som sidan 2005 har stått på UNESCO si verdsarvliste. Området omfattar Geirangerfjorden og Nærøyfjorden og er det einaste naturområdet i Noreg på verdsarvlista. Her finn vi eit av dei mest spektakulære fjordlandskapa i verda, med bratte fjellsider, fossar, fjordgardar og spor etter generasjonar som har levd og arbeidd i landskapet.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv arbeider for å ta vare på, formidle og utvikle verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland. Oppgåvene spenner breitt, frå natur- og kulturforvaltning, skjøtsel og formidling til forsking, kompetanseutvikling og arbeid for ei meir berekraftig utvikling av lokalsamfunna.
Norsk Fjordsenter
Norsk Fjordsenter i Geiranger er besøks- og formidlingssenter for Vestnorsk fjordlandskap og Geirangerfjorden verdsarvområde. Her får besøkande frå inn- og utland bli kjende med landskapet, naturkreftene, det biologiske mangfaldet og historia til menneska som har levd langs fjordane og i fjella.
Formidlinga skjer både inne på senteret og ute i sjølve verdsarven. Gjennom Fjordranger-programmet får gjestene kome tettare på naturen, kulturen og historia, og lære meir om kvifor dette området er så verdifullt, og kvifor vi må ta vare på det.
Ein arbeidsplass utanom det vanlege
Hos Geirangerfjorden Verdsarv blir du del av ein liten og tverrfagleg organisasjon som arbeider med store spørsmål: Korleis tek vi vare på sårbar natur og kulturarv? Korleis skaper vi gode opplevingar for dei som kjem hit? Og korleis kan verdsarven vere ein ressurs for levande og berekraftige lokalsamfunn?
Arbeidskvardagen kan vere alt frå formidling og møte med menneske frå heile verda til praktisk arbeid ute i verdsarvlandskapet, prosjektutvikling, forsking og samarbeid med lokale, regionale og nasjonale aktørar.
Felles for arbeidet er målet om å ta vare på ein natur- og kulturarv som ikkje berre tilhøyrer oss som bur her, men heile verda og generasjonane som kjem etter oss.