Fjord Ranger og Park Ranger
Vil du ha sommarjobb i verdsarvfjorden Geiranger?
Vil du jobbe med formidling og skjøtsel i Geirangerfjorden? Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv søkjer prosjektstillingar til sommarsesongen.
Vi ser etter deg som kan arbeide fleksibelt med formidling på dei ulike programma våre og/eller utføre ulike former for skjøtselsarbeid.
Arbeidsoppgåver
Formidling på dei ulike programma våre
Ulike former for skjøtselsarbeid
Noko administrativt arbeid
Oppgåvene vil variere, og formidlingsoppgåver kan også bli aktuelle for deg som hovudsakleg arbeider med skjøtsel.
Vi ser etter deg som
Meistrar engelsk godt, og gjerne tysk. Fleire språk er ein fordel.
Er sørvisinnstilt, fleksibel og utåtvend.
Arbeider effektivt og sjølvstendig, og samarbeider godt med andre.
Er i tilstrekkeleg fysisk form til å utføre oppgåver som krev fysisk arbeid.
Om oss
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv arbeider for å ta vare på, formidle og utvikle verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland. Vi held til ved Norsk Fjordsenter i Geiranger, og arbeider med natur- og kulturforvaltning, skjøtsel, formidling og berekraftig lokalsamfunnsutvikling.
Hos oss blir du del av eit lite, tverrfagleg arbeidsmiljø med eit felles mål: å ta vare på den unike natur- og kulturarven for framtidige generasjonar. Formidlinga skjer både på fjordsenteret og ute i verdsarvlandskapet, i møte med besøkande frå heile verda.
Kontaktperson:
Merete Rønneberg, Formidlingsleiar naturarv/kulturarv
merete@verdsarvfjord.no
- Bedrift
- Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
- Sted
- Stranda