-
Trollbryggeriet til sals – unik moglegheitTrollbryggeriet · Liabygda
Starta i ein nedlagt daglegvarebutikk
I Liabygda, med utsikt mot fjord og fjell og midt i trafikken mellom Ålesund, Valldal, Geiranger og Trollstigen, ligg Trollbryggeriet – eit handverksbryggeri med røter i lokalsamfunnet og blikket retta framover.
Eventyret starta i 2009, då Kjartan Lied og Jørund Ringset tok i bruk ein nedlagt daglegvarebutikk og bygde opp bryggeriet stein for stein. Det som byrja med brukt utstyr og entusiasme, har utvikla seg til ei moderne verksemd med profesjonelt bryggeri, eigen merkevare og eit bygg som rommar langt meir enn berre produksjon.
Meir enn øl
I dag produserer Trollbryggeriet øl under merkevara Slogen Øl – eit namn mange kjenner att frå både butikkhyller og serveringsstader over heile landet. Sortimentet spenner frå faste variantar til sesongøl, og har også fått sterke resultat i nasjonale testar.
Men Trollbryggeriet er meir enn øl.
I tilknyting til bryggeriet finn du Trollstova – eit selskaps- og opplevingslokale med plass til rundt 100 personar, fullt utstyrt kjøken og gode moglegheiter for arrangement, servering og catering. Her blir det arrangert alt frå smakingar og selskap til besøk frå turistgrupper som ønskjer ei ekte oppleving langs vegen.
Neste kapittel
Plasseringa gjer Trollbryggeriet til ein naturleg stoppestad for både tilreisande og lokale. Med jamleg trafikk av turistar gjennom regionen, og nærleik til nokre av dei sterkaste reiselivsattraksjonane i Noreg, ligg det også eit betydeleg potensial i vidare utvikling av opplevingar og tilbod rundt verksemda.
Gjennom åra er det investert betydelege midlar i både utstyr og bygg, og det er også utforska moglegheiter for vidare utvikling – mellom anna innan overnatting og utleige. For den rette aktøren ligg det difor til rette for å bygge vidare på eit solid fundament, og forme Trollbryggeriet vidare inn i framtida.
Trollbryggeriet er eit resultat av lidenskap og pågangsmot. No ligg moglegheita der for nye krefter til å ta over og skape neste kapittel. Sjå stillingsannonsa med meir info om sal av bryggerietl