Trollbryggeriet til sals – unik moglegheit
Vil du vidareutvikle eit etablert bryggeri med sterk lokal forankring og nasjonal distribusjon?
I Liabygda, midt mellom fjord og fjell og tett på nokre av dei mest besøkte turistattraksjonane i Noreg, ligg ei heilt spesiell moglegheit.
Trollbryggeriet er no til sals, og ser etter nye krefter som vil ta over og vidareutvikle eit etablert bryggeri med sterk lokal forankring og nasjonal distribusjon.
Her får du eit komplett bryggeri med moderne prosessutstyr, ei solid merkevare gjennom Slogen Øl – eit øl mange allereie har sett i butikkhyllene eller smakt – og ikkje minst eit næringsbygg med fleire inntektsmoglegheiter:
– Selskapslokalet Trollstova med plass til 100 personar
– Fullt utstyrt kjøken som legg til rette for servering, arrangement og catering
– Lokale godt eigna for event, kurs, selskap og opplevingsbasert reiseliv
Unik plassering
Eigedomen har ei unik plassering langs hovudferdselsåra mellom Ålesund, Stranda, Valldal, Geiranger og Trollstigen, med jamleg trafikk av både turistar og lokalmarknad. Her kjem busslaster med besøkande som ønskjer smaking, matopplevingar og ei pause på vegen gjennom regionen.
Bak ligg nesten 20 år med utvikling og investeringar. I dag produserer bryggeriet om lag 70.000 liter årleg, med kapasitet til rundt 120.000 liter. Her ligg det eit tydeleg potensial for vidare vekst – både innan produksjon, servering og opplevingar.
Store moglegheiter
Det er tidlegare utarbeidd skisser og prospekt for vidare utvikling av eigedomen, mellom anna med utleigerom og overnatting retta mot turisme. Dette er ikkje sett i gang, men representerer eit konkret potensial som nye eigarar kan velje å ta vidare. Med auka trafikk i regionen og ny cruisekai på Stranda, kan dette bli særleg aktuelt i åra som kjem.
Slogen Øl blir selt i butikkar og Vinmonopol over heile landet, i tillegg til hotell og restaurantar. Bryggeriet har også utmerkingar å vise til, mellom anna toppscore på juleøl frå VG sitt smakspanel.
No ser dagens eigarar etter deg som ser moglegheitene, og som ønskjer å bygge vidare på det som allereie er skapt.
Det er ein sjanse til å utvikle vidare et godt etablert bryggeri, i ei av Noreg sine mest attraktive reiselivsregionar.
Les gjerne meir om Trollbryggeriet på heimesida, eller sjå denne videoen.
For meir informasjon eller å melde interesse, ta kontakt:
Bjørn Gjerde, BG Consulting AS
Tlf. 915 57 344
PS: Vennligst ikkje å legge inn ein søknad her i portalen, ta direkte kontakt med Bjørn for å melde interesse.
- Bedrift
- Trollbryggeriet
- Stader
- Liabygda