Ingen stillingar som samsvarer
Kom i kontakt med oss via Connect for å få oppdateringar om nye stillingar.
Til stades lokalt sidan 1859
Indre Sunnmøre Brannkasse har vore ein del av lokalsamfunnet på Sunnmøre sidan 1859. Med kontor på Stranda og røter i regionen tilbyr vi forsikringsløysingar til privatpersonar, landbruk og næringsliv.
Vi kjenner lokalsamfunnet
Hos oss møter kundane rådgivarar som kjenner lokalsamfunnet, næringslivet og kvardagen på Sunnmøre. Vi trur på verdien av personleg oppfølging og er stolte av å vere til stades lokalt. Det gir oss nærleik til kundane våre og høve til å byggje gode og langsiktige relasjonar.
Vi du jobbe hos oss?
Som medarbeidar i Indre Sunnmøre Brannkasse blir du ein del av eit lite og engasjert fagmiljø der du får jobbe tett på både kundar og kollegaer.
Vi samarbeider med Frende Forsikring og kombinerer fordelane ved eit solid nasjonalt forsikringsmiljø med nærleik til kundane og marknaden vi kjenner best.
Vil du jobbe i ei verksemd med lange tradisjonar, korte beslutningsvegar og eit sterkt engasjement for menneska og bedriftene i regionen? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Vil du høyre meir om oss?