Park- og anleggsforvaltar
Vil du jobbe med skjøtsel og forvaltning i verdsarvfjorden Geiranger?
Vi i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv ønskjer å styrkje teamet vårt med ein park- og anleggsforvaltar i ei 100 % prosjektstilling i tre år, med moglegheit for fast tilsetjing.
Arbeidsoppgåver
Du vil få ansvar for å leie parkavdelinga vår, samt ha ansvar for vedlikehald av vårt eige anlegg ved Norsk Fjordsenter i
Geiranger. Oppgåver: Praktisk arbeid og vedlikehald. Utviklingsarbeid knytt til skjøtsel og forvaltning. Planlegge, leie
og lære opp sesongbaserte Park Rangarar.
Vi ser etter deg som
Har handverksbakgrunn eller praktisk erfaring, teknisk bakgrunn, gartnarutdanning eller kompetanse innan økologi, miljø eller biologi.
Stillinga vil til ei viss grad bli tilpassa bakgrunnen og erfaringa di. Du må kunne arbeide sjølvstendig og planleggje, strukturere og gjennomføre både mindre og større prosjekt.
Arbeidsstad
Arbeidsstaden vil vere Norsk Fjordsenter. På grunn av arbeidsoppgåvene må du bu i Geiranger eller i nærområdet.
Om oss
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har som oppgåve å verne om, formidle og vidareutvikle Geirangerfjorden og områda rundt. Frå Norsk Fjordsenter i Geiranger jobbar vi med forvaltning av natur- og kulturarv, skjøtsel og formidling, og bidreg til ei berekraftig utvikling av lokalsamfunnet.
Du blir ein del av eit lite arbeidsmiljø med ulik fagkompetanse, der vi saman arbeider for at komande generasjonar skal få oppleve den særmerkte naturen og kulturarven. Vi møter besøkande frå heile verda, både inne på fjordsenteret og ute i landskapet.
Praktisk info
Søknadsfrist: 15. desember.
For spørsmål og søknad, ta kontakt med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv ved Katrin Blomvik Bakken.
Telefon: 954 27 390
E-post: katrin@verdsarvfjord.no
Velkomen som søkjar!
- Bedrift
- Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
- Sted
- Geiranger