Restaurantmedarbeider på Strandafjellet Skisenter
Har du godt humør, likar å jobbe med folk og trivast i eit aktivt miljø? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Strandafjellet Skisenter søkjer ein arbeidsvillig og serviceinnstilt restaurantmedarbeidar som er framoverlent, tek initiativ og likar å gi gjestane ei god oppleving.
På Strandafjellet kan gjestane ta ein pause frå skikøyringa på Stova 1957 i botnområdet, eller nyte eit måltid med utsikt over Storfjorden på Fjord Panorama Restaurant. Som restaurantmedarbeidar hos oss blir du ein del av laget som tek imot både svoltne skikøyrarar og gjester som tek gondolen opp for maten og utsikta.
Vi ønskjer at du:
Er fylt 18år
Er positiv, arbeidsvillig og serviceinnstilt
Trivast med å jobbe i eit aktivt miljø
Det er ein fordel om du har erfaring fra restaurant eller serviceyrket - men ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt
Høyrest ditte ut som noko for deg? Send oss ein søknad der du fortel litt om deg sjølv. Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt.

- Bedrift
- Strandafjellet
- Sted
- Stranda