Driftstekniker hos Strandafjellet Skisenter
Få Sunnmørsalpene som arbeidsplass og skiglede som ein del av kvardagen!
Vil du jobbe med teknisk drift på Strandafjellet?
Snøsikre Strandafjellet Skisenter ligg aust i Sunnmørsalpane og er ein populær stad for ski- og snøbrettkøyrarar. Med våre 7 heisar — av dei 2 stolheisar og gondolbane, skiband, barnepark, 18 nedfartar og kanskje Skandinavias beste frikøyringsområde sørgjer vi for at vinterentusiastar i heile familien får dekt behova sine.
For å gi gjestane våre trygge og gode opplevingar treng vi dyktige folk som held anlegget i gang. No søkjer vi ein allsidig og teknisk interessert medarbeidar til ei fast 100 prosent stilling som driftsteknikar. Er du glad i fjellet, likar å løyse praktiske utfordringar og trivst med ansvar, kan dette vere jobben for deg!
Arbeidsoppgåver
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med drift og vedlikehald av skitrekk, stolheisar og gondol, inkludert planlegging og revisjonsarbeid. Du vil òg jobbe med drift og vedlikehald av trakkemaskiner, snøscooterar og snøkanonanlegget, og bidra med andre oppgåver i anlegget etter behov.
Tryggleik er ein viktig del av jobben. Du vil følgje opp HMS-arbeidet og bidra til at gjeldande lover, reglar, rutinar og instruksar blir følgde.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har teknisk kompetanse eller utdanning, og som likar å finne løysingar på tekniske og praktiske utfordringar. Du er ansvarsmedviten, allsidig og interessert i teknikk og mekanikk. Du jobbar sjølvstendig, trivst med å leie andre medarbeidarar og evnar å ta avgjerder også under press.
Du møter gjester og kollegaer med ei positiv serviceinnstilling og er glad i friluftsliv både sommar og vinter. Du har førarkort klasse B og meistrar engelsk munnleg og skriftleg. Erfaring frå alpinsenter er ein fordel.
Vi ønskjer gjerne at du har éin eller fleire av desse kvalifikasjonane, men dette er ikkje krav for å søkje:
Driftsleiarsertifikat for stolheis frå Statens jernbanetilsyn
Erfaring med klatring og/eller fallsikringskurs
Relevant fagbrev
Førarkort for snøscooter eller skredkurs
Kva tilbyr vi?
Hos oss får du ein aktiv arbeidskvardag i flotte fjellomgjevnader, med varierte oppgåver, opplæring og trening. Du får òg personalrabattar og gode moglegheiter for skikøyring og friluftsliv.
Oppstart: Vintersesongen 2026/2027.
Har du lyst til å bli ein del av laget på Strandafjellet? Vi vil gjerne høyre frå deg!

- Bedrift
- Strandafjellet
- Sted
- Stranda