Pedagogisk leiar hos Tusenfryd barnehage
Har du hjarte for barnehagefaget og lyst til å leie, engasjere og skape gode dagar for barna?
Pedagogisk leiar hos Tusenfryd barnehage
Vil du vere med å skape trygge, leikande og gode dagar for barna våre?
Tusenfryd barnehage søkjer etter pedagogisk leiar i 100 % vikariat frå 1. oktober 2026 til 31. desember 2027, med moglegheit for forlenging. Vi kan tilby fleksibel oppstart.
Vi meiner eit mangfaldig personale er ein styrke for barnehagen, og oppmodar derfor menn til å søkje.
Barnehagen vår er ein foreldreeigd barnehage med tre avdelingar for barn i alderen 0–6 år. Barnehagen ligg trygt og fint til i byggefeltet Langlo III, med kort veg til vår eigen naturleikeplass med lavvo og grillhytte i skogen. Vi har om lag 16 årsverk fordelte på 18 tilsette.
Kven er vi?
Visjonen vår er: «Det er stort å vere liten i Tusenfryd barnehage.»
Vi har ei stabil og innovativ personalgruppe, og arbeidet vårt byggjer på tydelege grunnverdiar: omsorg, engasjement, profesjonalitet og glede. Desse verdiane pregar kvardagen vår og ligg til grunn for korleis vi møter barna, føresette og kollegaer kvar einaste dag.
Vi arbeider særleg med vaksenrolla i leiken og korleis vi kan leggje til rette for eit inspirerande og variert leikemiljø. Vi har også utviklingsarbeid innan heilskapleg og systematisk språkarbeid.
Barnehagen er medlem i PBL-A og følgjer PBL si tariffavtale med lønns- og pensjonsordningar. Pedagogane har fire timar samanhengande ubunden tid per veke og betalt pause. Vi har også eigen mat- og kjøkkenansvarleg.
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
Har faglege ambisjonar og hjarte for arbeid i barnehage
Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner
Er relasjonsorientert og har gode samarbeidsevner
Skaper engasjement og har lyst til å delta aktivt i barna sin leik og utvikling
Er strukturert og analytisk
Er løysingsorientert og fleksibel
Identifiserer deg med verdiane til Tusenfryd barnehage
Har høgt engasjement og ei positiv haldning
Kva kvalifikasjonar har du?
Godkjend utdanning som barnehagelærar
Erfaring frå barnehage er ønskeleg
Du er ein aktiv vaksen som ser enkeltbarnet, lyttar til det barna ønskjer å formidle og kan leie barnegrupper
Du har god helse og kan delta aktivt saman med barna, både i leik og fysisk aktivitet
Du har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Praktisk informasjon
Ved tilsetting må politiattest leggjast fram. Vi ønskjer at CV, attestar og vitnemål blir lagde ved søknaden.
Søknadsfrist: 1. oktober 2026.
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med dagleg leiar Gro Anita Rjånes på telefon 466 30 990 / 478 98 540 eller e-post gro@tusenfrydbarnehage.no.
- Bedrift
- Tusenfryd barnehage
- Stader
- Stranda