-
Maritim Driftssjef hos Geiranger FjordserviceGeiranger Fjordservice · Geiranger
Geiranger Fjordservice AS er det største båtrederiet i Geiranger, med røter tilbake til 1969. Som eit lokalt eigd selskap er vi tett knytt til bygda, fjorden og menneska rundt oss, og stolte av rolla vi spelar i eit av Noreg sine mest kjende reisemål.
I dag driftar vi tre fartøy som fraktar gjestar gjennom verdsarvfjorden. Eit godt døme på utviklinga vår er Geirangerfjord III – eit moderne hybridfartøy som vart sett i drift i 2026. Med batteridrift i verdsarvområdet legg det til rette for utsleppsfri ferdsel i Geirangerfjorden, kombinert med effektiv transport til og frå Ålesund.
Framtidsretta drift
Vi jobbar kontinuerleg for å ta del i det grøne skiftet, og investerer i ny teknologi som gjer oss i stand til å levere berekraftige opplevingar på fjorden, utan å gå på kompromiss med kvalitet og kapasitet.
Hos oss blir du ein del av eit lite, solid rederi med korte linjer og tett samarbeid mellom sjø og land. Vi er opptekne av kvalitet, tryggleik og gode opplevingar, både for gjestene våre og for dei som jobbar her.
Kvifor jobbe hos oss?
Å jobbe i Geiranger Fjordservice gir deg ein variert kvardag tett på fjorden, der du får vere med og skape opplevingar i verdsklasse, samtidig som du er med på å utvikle framtidas berekraftige reiseliv.
Hos oss får du:
– Ein variert arbeidskvardag i ei unik naturleg ramme
– Eit lite og inkluderande arbeidsmiljø
– Moglegheit til å påverke og utvikle både drift og løysingar
– Nærleik til både fjord, fjell og eit aktivt lokalsamfunn
Vil du bli ein del av laget vårt?
Vil du høyre meir om oss?