Koordinator / administrativ medarbeidar
Vil du ha ein variert jobb med booking, koordinering og mykje som skjer?
Visit Stranda og Stranda Booking søkjer no koordinator / administrativ medarbeidar.
Kven er vi?
Visit Stranda og Stranda Booking jobbar med å skape gode opplevingar for både besøkande og lokalbefolkning på Stranda.
Gjennom booking, arrangement, festivalar og ulike reiselivssatsingar jobbar vi med å utvikle aktivitet, opplevingar og møteplassar i området. Vi samarbeider med ulike aktørar og prosjekt, og ingen dagar er heilt like.
Vi er i vekst og har mange spennande prosjekt på gong – mellom anna innan reiseliv, arrangement, overnatting og festival. Hos oss får du vere tett på utviklinga og vere med å bygge noko vidare.
Teamet vårt består av folk med ulike bakgrunnar, kompetanse og erfaringar, og vi legg stor vekt på samarbeid, initiativ og eit godt arbeidsmiljø.
Om stillinga
Vi ser etter ein strukturert og serviceinnstilt person som kan bidra innan booking, koordinering og administrativ drift.
Du vil jobbe tett på både gjester, samarbeidspartnarar, arrangement og den daglege drifta. Arbeidskvardagen vil variere, og du får ei viktig rolle i å halde oversikt og sørgje for god flyt i ulike prosjekt og oppgåver.
Stillinga startar som tilkalling / deltid, men for den rette personen vil det vere gode moglegheiter for meir ansvar og ei større rolle over tid.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av booking og henvendingar
Kontakt med gjester og samarbeidspartnarar
Koordinering opp mot drift og arrangement
Administrative oppgåver og organisering
Bidra inn mot event, festivalar og prosjekt
Sørgje for struktur og god flyt i kvardagen
Kva kan du forvente hos oss?
Hos oss blir du ein del av eit variert og engasjert arbeidsmiljø med mykje aktivitet og korte vegar frå idé til gjennomføring.
Du får moglegheit til å vere med på spennande prosjekt innan reiseliv, arrangement og utvikling – og vere tett på både drift og vidare satsing.
Vi tilbyr:
Varierte arbeidsdagar
Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
Moglegheit til å påverke og ta ansvar
Erfaring innan reiseliv, event og administrasjon
Gode moglegheiter for utvikling og meir ansvar over tid
Kven er du?
Du trivst med å ha oversikt, få ting gjort og ha mange ballar i lufta samtidig.
Vi ser etter deg som:
Er strukturert og sjølvstendig
Tek ansvar og initiativ
Er serviceinnstilt og løysingsorientert
Kommuniserer godt med andre
Jobbar godt når tempoet er høgt
Likar varierte arbeidsdagar
Erfaring frå administrasjon, booking, kundeservice eller arrangement er ein fordel, men ikkje eit krav.
Praktisk informasjon
Deltid, med moglegheit for utvida stilling over tid
Arbeidstid vil variere etter behov og prosjekt
Oppstart etter avtale / snarast mogleg
Har du spørsmål om stillinga?
Ta gjerne kontakt med Helge på 410 64 000
Søknad
Høyrest dette ut som noko for deg?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Send oss ein kort søknad og fortel litt om deg sjølv.
- Bedrift
- Visit Stranda
- Stader
- Stranda