Fann ingen stillingar
Søket ditt gav ingen treff. Kom i kontakt med oss via Connect for å få oppdateringar om nye stillingar.
To sterke fagmiljø har blitt eitt
Christie Nordang er resultatet av samanslåinga mellom Peab K. Nordang og Christie & Opsahl – to solide entreprenørselskap med lange tradisjonar på Vestlandet. Saman står vi no sterkare, med større kapasitet, breiare kompetanse og eit felles mål om å bygge gode prosjekt for folk og lokalsamfunn langs kysten.
Ein viktig hjørnestein
Peab K. Nordang vart etablert på Stranda i 1978, og har gjennom fleire tiår vore ein viktig hjørnestein i regionen. Med røter i det lokale, og med fokus på folk, fag og skikkelegheit, har selskapet vakse til å bli ein leiande entreprenør på Sunnmøre og Vestlandet.
No tek vi dette vidare saman med Christie & Opsahl.
Fleire moglegheiter
Den nye organisasjonen samlar over 350 tilsette, med hovudkontor i Ålesund og sterke fagmiljø mellom anna i Stranda, Molde, Kristiansund, Ulsteinvik og Bergen. Byggverksemda blir framleis styrt frå Stranda, og den lokale tilknytinga står like sterkt som før.
For deg som vurderer å jobbe hos oss, betyr dette fleire moglegheiter. Du blir ein del av eit større fagmiljø, med høg kompetanse og gode utviklingsmoglegheiter – samtidig som vi tek vare på den lokale forankringa, kulturen og fagmiljøa som har bygd selskapa fram til i dag.
Vi byggjer alt frå bustader og næringsbygg til skular, hotell og større spesialprosjekt. Med samla styrke kan vi ta på oss både dei små, lokale oppdraga, og dei større, meir komplekse prosjekta.
Vil du vere med å byggje dette vidare saman med oss?