Ingen stillingar som samsvarer
Kom i kontakt med oss via Connect for å få oppdateringar om nye stillingar.
Opplevingar på høgste nivå
Geiranger Skysslag har skapt opplevingar i Geiranger i generasjonar. Selskapet vart etablert i 1907 og er framleis 100 prosent lokalt eigd, med mange familiar i Geiranger på eigarsida. I dag eig og driv vi Geiranger Skywalk Dalsnibba – 1 500 meter over havet, med utsikt over fjell, fjord og verdsarvlandskapet.
Historia vår handlar om lokale folk som såg moglegheiter. Draumen om ein veg til Dalsnibba voks fram lenge før bilen kom til bygda, og i 1939 stod Nibbevegen ferdig. I dag tek vegen gjester frå heile verda opp til Europas høgaste fjordutsikt frå bilveg.
Ein arbeidsplass litt utanom det vanlege
Å jobbe hos oss betyr å ha ein av Noregs mest spektakulære turistattraksjonar som arbeidsplass. Gjennom sesongen tek vi imot rundt 200 000 gjester, og medarbeidarane våre er ein viktig del av opplevinga dei tek med seg vidare.
Felles for oss er ønsket om å gi gjestene gode opplevingar, anten vi møter dei over ein kopp kaffi, ønskjer dei velkomne ved bommen eller sørgjer for at vegen og anlegget er klart for ein ny dag.
Lokalt eigarskap – internasjonale gjester
Vi er stolte av å vere ei lokalt eigd bedrift. Verdiskapinga blir verande i lokalsamfunnet, og vi bidreg gjennom arbeidsplassar, samarbeid med andre lokale aktørar og støtte til lag og organisasjonar i Geiranger og nabobygdene.
Samtidig er arbeidsmiljøet vårt internasjonalt. Vi møter menneske frå heile verda, og medarbeidarane våre kjem både frå nærområdet og frå andre land og stader som ønskjer å oppleve ein sesong i Geiranger.
Hos Geiranger Skysslag blir du ein del av ei lang lokal historie, og av eit lag som kvar dag skal skape opplevingar på høgste nivå.