-
ProduksjonsmedarbeidereSlettvoll · Stranda
Møblar skapte på Stranda – for heimar langt utover Noreg
Slettvoll er ei norsk familiebedrift med røter på Stranda. Historia starta i 1951, då Hans og Bergit Slettvoll etablerte ei lita bedrift i heimen sin. Dei første produkta var fletta korger, dokkevogner og småmøblar, som vart frakta på sykkel til rutebåten og vidare ut i verda.
Sidan den gong har Slettvoll utvikla seg frå ei lita lokal verksemd til eit internasjonalt møbel- og interiørkonsept. I dag er tredje generasjon med på å føre familiebedrifta vidare, men røtene er framleis godt planta på Stranda. Det er her fabrikken ligg, og her møblane våre blir skapte.
Handverk og kvalitet
Hos Slettvoll står kvalitet, godt handverk og auge for detaljane sentralt. Møblane blir laga av dyktige handverkarar på fabrikken på Stranda, og kvart møbel blir produsert spesielt for den enkelte kunden.
Kombinasjonen av erfarne hender, moderne produksjon og høge krav til kvalitet gjer at vi kan skape møblar som er laga for å vare. Gjennom ulike storleikar, tekstilar, tresortar og val av sitjekomfort kan møblane tilpassast ulike heimar og behov.
Frå Stranda og ut i verda
Naturen og omgjevnadene på Sunnmøre har vore ein del av Slettvoll si historie heilt frå starten. Det ekte, enkle og jordnære har vore med på å forme uttrykket vårt, saman med ønsket om å foreine kvalitet og estetikk.
I dag finn du Slettvoll i butikkar og showroom både i Noreg og internasjonalt. Likevel startar mykje av det kundane møter ute i verda framleis her på Stranda, hos menneska som utviklar og arbeider med Slettvoll kvar dag.
Å jobbe hos Slettvoll betyr dermed å bli ein del av ei lokal familiebedrift med lange tradisjonar, samtidig som du er med på å skape produkt og opplevingar som når langt utanfor Stranda.