Ingen stillingar som samsvarer
Kom i kontakt med oss via Connect for å få oppdateringar om nye stillingar.
Vi legg grunnlaget
Opshaug er ei lokalt forankra entreprenørbedrift med hovudbase på Stranda og ei historie som strekkjer seg tilbake til 1958. Det som starta som Opshaug Sandtak, med ein bensindriven Bedford, ein traktor og eit sikt, har gjennom fleire generasjonar utvikla seg til ein av dei større aktørane innan betong, anlegg og masseleveransar på Sunnmøre.
I dag leverer vi tenester innan graving, sprenging, transport, betong og masseleveransar, og har eigne steinbrot og mobile knuseverk. Med ein moderne maskinpark og dyktige folk tek vi del i små og store prosjekt over heile regionen.
Folka er det viktigaste vi har
Maskinene våre er viktige, men det er folka som får jobben gjort. Hos Opshaug finn du kollegaer med ulik fagkompetanse og erfaring, og vi er opptekne av å skape ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og får moglegheit til å ta meir ansvar.
Vi har vore godkjend lærebedrift sidan 2000 og har gjennom åra vore med på å utdanne ei rekkje dyktige fagfolk. Vi ønskjer å satse vidare på både nye og erfarne medarbeidarar som vil vere med og utvikle seg saman med oss.
Du kan lese meir om å jobbe hos oss her.
Steinbra gjeng
Sjølv om røtene våre er godt planta på Stranda, finn du arbeidet vårt mange stader på Sunnmøre. Gjennom åra har vi vore med på ei rekkje store og små prosjekt i regionen, mellom anna Nordøyvegen som er eit av dei største prosjekta i Opshaug si historie.
Vi investerer i moderne maskiner og ny teknologi som gir meir effektive arbeidsprosessar, betre dokumentasjon, mindre utslepp og ein tryggare arbeidskvardag. Samtidig jobbar vi for å utnytte ressursane betre, mellom anna gjennom mobile knuseverk og gjenbruk av massar.
Hos Opshaug blir du ein del av ei bedrift med lang historie, høg fagkompetanse og ambisjonar for framtida - og ikkje minst ein steinbra gjeng.